Utne
Vegen hit
Ei helg full av kjærleik ved Hardangerfjorden! Drøymer de om eit ekte hardangerbryllaup i vakre, historiske omgjevnader – tett på fjorden, naturen og kvarandre? På Utne Hotel får de meir enn ein bryllaupsdag. De får ei heil helg fylt med historisk magi, nærleik og minne for livet.
Når de feirar bryllaup på Utne Hotel, får de hotellet for dykk sjølve. Her kan de samle familie og vener til ei intim og personleg feiring, der alle bur saman og deler opplevinga frå start til slutt.
Ring oss på +47 53 66 64 00 eller send en forspørsel på reception@utnehotel.no
På Utne Hotel får de ei heil bryllaupshelg med tid til å lande, feire og avslutte i rolege omgjevnader, der kvart augeblikk blir ein del av ei større oppleving.
Ein roleg start
Gjestene kjem i sitt eige tempo, og helga startar mjukt og uformelt. Ei enkel servering, gode samtalar og ei avslappa stemning gir dykk tid til å lande og vere til stades før den store dagen.
Bryllaupsdagen
Dagen startar med frukost i rolege omgjevnader før de gjer dykk klare til vigsla.
Seremonien kan haldast i hagen med fjorden som bakteppe, eller på ein annan stad de ønskjer. Etterpå samlast gjestene til feiring med sider, bobler, kaker og lokale smakar – ute i hagen eller inne i dei historiske stovene.
Bryllaupsmiddagen blir ei smaksreise frå Hardanger, med sesongbaserte råvarer og nøye samansette rettar. Kvelden held fram med dans og feiring i hotellet sine stemningsfulle rom.
Ei roleg avslutning
Helga rundast av med frukost og gode samtalar før avreise. Ei fin stund til å samle minna før alle reiser kvar til sitt.
Tusen takk for eit fantastisk bryllaup i vakre omgivelser på Utne. Det er vanskeleg å setje ord på kor takksam vi er for den jobben de har lagt ned for oss. Bryllaupshelga starta på magisk vis med ankomst på dei unike hotellromma. Alle hotellrom var pynta med vakre roser og gjestene sov godt i mjuke senger. Videre satte Merete stemninga for fredagskvelden med underhaldande sidersmaking etterfulgt av nydeleg 2-retters middag med lokalt lam.
Laurdagen var alt vi kunne drøyme om. Lang felles frokost med gjestene med nydelige råvarer. Champagne på terrassen etter vigselen og kakeseremoni i dei vakre stuene. Kvelden toppa seg med fantastisk 5-retters meny i festpynta spisesal. Alle rettane var servert som små kunststykke.
Søndagen fekk vi fordøyd inntrykka frå helga over nok ein deileg frokost.
Bryllaupshelga vil for vere eit minne for livet. Alle ansatte på hotellet arbeida sømløst for at vi skulle få nyte helga. Prosessen frå planleggingsmøtet med Bjørn til gjennomført bryllaup, gjekk knirkefritt.
Mvh. Ingvild Måseidvåg Østrem og Martin Ekornes Søvik
Planlegg bryllaupet dykkar på Utne Hotel med ro og oversikt. Her finn de svar på dei vanlegaste spørsmåla om kapasitet, overnatting, mat, prisar og praktisk gjennomføring – slik at de enkelt kan sjå kva som er mogleg og korleis dagen kan bli akkurat slik de ønskjer.
Kor mange gjester er det plass til?
Opptil ca. 60 gjester til middag i same rom. Vielse kan haldast ute i hagen eller inne ved dårleg vêr.
Kan vi ha juridisk vielse på Utne Hotel?
Ja, vi kan tilretteleggje, men vigslar må kome frå kommune/prest. Mange vel juridisk vielse via Ullensvang kommune og seremoni hos oss.
Kan vi ha både vielse og fest på same stad?
Ja, de kan gjennomføre heile bryllaupet – vielse, middag og fest – hos oss.
Kan vi ha seremoni ute eller inne?
Ja – vielse kan haldast i hagen eller inne ved behov.
Er det minimum tal gjester for bryllaup?
Vanlegvis ingen fast nedre grense – opplegg blir tilpassa tal gjester og sesong.
Har de løysing ved dårleg vêr?
Ja, vi har flotte innandørs alternativ for vielse.
Kor mange rom har de, og kva kostar det?
17 rom i hovudhuset + anneks (totalt ca. 54 sengeplassar).
Pris frå ca. kr 5 500–7 500 per rom inkl. frukost og middag (sesongavhengig).
Korleis fungerer booking av rom for bryllaupsgjester?
De kan samle all booking sjølve (vanlegast), eller la gjester booke individuelt innan ein avtalt romblokk.
Kan vi leige heile hotellet eksklusivt?
Ja, eksklusiv leige er mogleg (frå kr 70 000 inkl. anneks).
Når er innsjekk og utsjekk?
Innsjekk frå kl. 15:00 / utsjekk kl. 11:00.
Har de bilete frå tidlegare bryllaup?
Ja – vi deler gjerne eksempel på oppsett og gjennomføring.
Kor tidleg bør vi booke bryllaup?
For sommardatoar: 12–18 månader i forkant.
Kva inkluderer planlegginga av bryllaup?
Dialog, møte og ofte befaring – vi følgjer dykk tett fram til gjennomføring.
Kan menyen tilpassast?
Ja, vi tilpassar for allergiar, vegetar og andre ønskje.
Kan vi ha eiga bryllaupskake?
Ja, de kan ta med eiga kake eller setje opp kakebord.
Kva med drikkepakkar og servering?
Vi tilbyr vin- og siderpakkar tilpassa meny. Aperitiff før middag, servering frå kl. 19:30.
Tilbyr de nattmat i bryllaup?
Ja, enkel nattmat kan ordnast etter avtale.
Korleis kjem ein seg til Utne Hotel?
Frå Bergen: ca. 2,5–3 timar med bil via Hardangerbrua.
Frå Oslo: ca. 5–6 timar over Hardangervidda.
Kollektivt: Buss og ferje til Utne – vi hjelper gjerne med planlegging.
Er det parkering og transport?
Gratis parkering ved hotellet. Buss og ferje i nærleiken.
Kor lenge kan festen vare?
Vanlegvis fram til kl. 02:00 etter avtale.
Kven er kontaktperson på dagen?
De får ein dedikert koordinator gjennom planlegginga og på bryllaupsdagen.
Kva er inkludert av utstyr?
Bord, stolar, kvite dukar og enkelt oppsett er inkludert.
Kan vi dekorere sjølve?
Ja, vanlegvis dagen før etter avtale.
Kan vi ha spesielle innslag som musikk og overraskingar?
Ja – vi legg til rette for levande musikk, talar og personlege innslag.
Har de samarbeidspartnarar?
Ja, vi kan formidle kontakt med lokale leverandørar som blomar, fotograf og musikk.
Kva kostar bryllaup hos dykk?
Pris blir skreddarsydd etter tal gjester og opplegg. Vanlegvis inkluderer det overnatting, middag, frukost og planlegging.
Kva med betaling og avbestilling?
Depositum ved booking, restbetaling før arrangement. Avbestilling følgjer kontrakt og standard vilkår.
Er det restriksjonar på musikk?
Musikk og DJ er mogleg etter avtale, innanfor hotellet sine rammer.
Har de bar og moglegheit for etterfest?
Ja – vi har bar og legg til rette for etterfest.
Er fyrverkeri tillate i bryllaup?
Må avklarast på førehand og følgje lokale reglar – vi vurderer kvar førespurnad.
Har de lydanlegg og teknisk utstyr?
Ja – enkelt lydanlegg, mikrofon og prosjektor ved behov.
Er hotellet universelt utforma?
Hotellet er historisk med avgrensa tilgjenge enkelte stader, men vi finn gode løysingar ved behov.