Julestemning
på Utne Hotel

Når året går mot slutten, ligg alt til rette for ei stemningsfull førjulstid på Utne. Her kan du samle familie, venner eller kollegaer til gode smakar og tradisjonar — frå det store familiejulebordet til smakfulle julelunsjar og festlege julebord i historiske omgjevnader.

Gjer årets julebord til noko meir enn ein kveld ute!

På Utne Hotel kan bedrifter, storfamiliar og vennegjengar samlast til ei heil oppleving i historiske omgjevnader ved Hardangerfjorden – og de kan leiga heile hotellet eksklusivt.

Med overnatting, eigne lokale og gode måltid samla under same tak får de tid til både feiring og fellesskap. Kjøkenet set saman menyar med utgangspunkt i gode råvarer frå regionen, gjerne kombinert med lokal sider og andre nøye utvalde drikkevarer.

Utne Hotel passar for bedrifter som ønskjer eit personleg og stemningsfullt julebord der alle kan vera samla frå første skål til frukosten neste morgon.

Send henvendelse til reception@utnehotel.no

Eit heilt hotell berre for dykk

Utne Hotell blir dykkar eige for julefeiring, samling eller intern fagdag. Alle rom, fellesareal og møteplassar står til disposisjon. Ingen andre gjester, ingen forstyrringar, men berre kollegaer, fellesskap og ekte julestemning.

God ramme for gode relasjonar
Juleopphald på Utne gir rom for både fagleg fordjuping og sosialt fellesskap. Det historiske hotellet, omgitt av fjord og fjell, gir ro og nærvær. Samlinga blir ei oppleving, ikkje berre ein middag.

Praktisk informasjon

  • Periode: Tilgjengeleg for eksklusiv leige i heile året
  • Kapasitet: 17 rom, møte- og selskapslokale tilpassa små og mellomstore grupper
  • Tilkomst: Enkelt å nå med bil og ferje – parkeringsplass ved hotellet
  • Pris og pakke: Skreddarsydde opplegg etter ønskje og budsjett
Vel jul på Utne Hotel i Hardanger!

Ta kontakt for tilbod og ledige datoar på reception@utnehotel.no

Inkludert

  • Heile hotellet for dykk sjølve
  • Matopplevingar heile dagen – frå frokost og lunsj til middag, alltid med fokus på lokale.
  • Tradisjon og julepynta atmosfære – autentisk julepynt, peiskos, gran og ljos i vindauga
  • Meny med smak av sesong og tradisjon, der lokale råvarer frå Hardanger spelar hovudrolla.
  • Aktivitetar og opplevingar – lokale smakar, kunst og kultur, fjordtur etc.
  • Teknisk utstyr og møtefasilitetar – alt klart for fagleg innhald i vakre omgjevnader

Ta kontakt for tilbod og ledige datoar på reception@utnehotel.no

Del dette arrangementet

5778 Utne
Postboks 23
Norge

+47 53 66 64 00
reception@utnehotel.no

BORDFØRESPURNAD

Frokost: På førespurnad
Lunsj: Etter førespurnad
Middag: Bordsete kl 19.30.
Fastsett 5-retters meny.
Ved bestilling:
Husk å opplyse om allergiar og intoleransar.

SEND FORESPØRSEL TIL:
reception@utnehotel.no

SELSKAP

Matsalen på Utne Hotel har
plass til inntil 60 personar.

SEND FORESPØRSEL TIL:
reception@utnehotel.no

ROMBESTILLING

Finn tilgjengelige rom.

GÅVEKORT

Gi bort ei spesiell oppleving
til nokon du er glad i.