«Et museumssmykke av et hotell på et nes, tett på fjorden i fagre Hardanger!»

Frå Gjesteboka

SOMMARLUNSJ PÅ UTNE

Frå 15. juni til 20. august ønskjer vi velkomen til lunsj på historiske Utne Hotel.

Kvar dag mellom kl. 11.00 og 16.00 serverer vi ein velsmakande 3-retters lunsj, i tillegg til våre populære smørbrød og eit utval gode, heimelaga kaker.

På kjøkenet legg vi vekt på lokale råvarer frå Hardanger, tilberedt med respekt for tradisjonane og sesongen. Til lunsjen serverer vi også nybakt brød frå Lillevåland Bakeri, eit handverksbakeri som deler vår kjærleik til kvalitet og gode smakar Fra Halund gård på NÅ

Vi tilrår å reservere bord, særleg i høgsesongen.

Utne Hotel har teke imot reisande sidan 1722, og er Noregs eldste hotell i kontinuerleg drift. Her sit historia i veggane, frå tida som skysstasjon og handelsstad til dagens levande hotell ved Hardangerfjorden. Eit besøk hos oss er difor meir enn eit måltid – det er ei reise gjennom kultur, tradisjonar og forteljingar.

Før eller etter lunsjen kan du òg ta turen innom vårt vesle galleri i kjellaren. Her viser vi skiftande utstillingar med kunst og uttrykk som speglar landskapet, historia og menneska i Hardanger.

Velkomen til rolege timar ved fjorden, god mat og ei oppleving med røter heilt attende til 1700-talet. Vi gler oss til å ta imot dykk.

SEND FORESPØRSEL TIL:
reception@utnehotel.no

Smak sommaren i Hardanger

– med lunsj, historie og fjordro på Noregs eldste hotell.

5778 Utne
Postboks 23
Norge

+47 53 66 64 00
reception@utnehotel.no

BORDFØRESPURNAD

Frokost: På førespurnad
Lunsj: Etter førespurnad
Middag: Bordsete kl 19.30.
Fastsett 5-retters meny.
Ved bestilling:
Husk å opplyse om allergiar og intoleransar.

SEND FORESPØRSEL TIL:
reception@utnehotel.no

SELSKAP

Matsalen på Utne Hotel har
plass til inntil 60 personar.

SEND FORESPØRSEL TIL:
reception@utnehotel.no

ROMBESTILLING

Finn tilgjengelige rom.

GÅVEKORT

Gi bort ei spesiell oppleving
til nokon du er glad i.