Laurdag 27. juni og sundag 28. juni

Møt kunstnaren Johild Mæland i utstillinga på Utne Hotel

Johild Mæland bur på Utne og er utdanna innan kunst og handverk i tillegg til ein master i kunsthistorie. Ho arbeider med biletkunst, dekormaling og har undervist i kunstfag i kulturskulen. På førespurnad held ho kurs og foredrag om gamle malingsteknikkar. Johild har hatt separatutstillingar og delteke på felles utstillingar mellom anna på Statens Høstutstilling.

Laurdag 11. juli og sundag 12. juli

Møt kunstnaren Solfrid Aksnes i utstillinga på Utne Hotel

Solfrid Aksnes bur i Norheimsund og har si utdanning frå kunstakademia i Trondheim og Bergen. Ho uttrykkjer seg i grafikk og collage. I den seinare tid har ho gått tilbake til tresnittet med fjell og fjordlandskapet i Hardanger som inspirasjonskjelde. Solfrid har leia ulike kunstprosjekt og har sjølv delteke på mange utstillingar mellom anna på Statens Høstutstilling og Vestlandsutsillinga.

Laurdag 08. august og sundag 09. august

Møt kunstnaren Åse Berit Skeie Ulltang i utstillinga på Utne Hotel

Åse Berit Skeie Ulltang frå Norheimsund har gått på Kunstskolen i Bergen og arbeider med maleri og collage. Ho budde mange år i Sør-Korea der ho fekk kunnskap om koreansk papir, Hanji. Papiret som har ein heilt særeigen kvalitet når det gjeld tekstur, styrke og farge nyttar.

ho i arbeida sine. Åse Berit har delteke på mange utstillingar og på ulike kunstprosjekt.

5778 Utne
Postboks 23
Norge

+47 53 66 64 00
reception@utnehotel.no

BORDFØRESPURNAD

Frokost: På førespurnad
Lunsj: Etter førespurnad
Middag: Bordsete kl 19.30.
Fastsett 5-retters meny.
Ved bestilling:
Husk å opplyse om allergiar og intoleransar.

SEND FORESPØRSEL TIL:
reception@utnehotel.no

SELSKAP

Matsalen på Utne Hotel har
plass til inntil 60 personar.

SEND FORESPØRSEL TIL:
reception@utnehotel.no

ROMBESTILLING

Finn tilgjengelige rom.

GÅVEKORT

Gi bort ei spesiell oppleving
til nokon du er glad i.