Olavsrosa er et nasjonalt kvalitetsmerke som tildeles av Stiftelsen Norsk kulturarv. Merket gis til opplevelsestilbud og reiselivsprodukter som holder svært høy standard, og som formidler norsk kulturhistorie og tradisjon på en levende måte.

INVITASJON TIL TILDELING AV OLAVSROSA VED UTNE HOTEL

Det er med stor glede og audmjukskap vi inviterer til ei høgtidleg markering i samband med at Utne Hotel vert tildelt Det nasjonale kvalitetsmerket Olavsrosa i regi av den nasjonale organisasjonen Stiftelsen Norsk Kulturarv – eit kvalitetsmerke som vert gitt til stader som tek vare på og formidlar vår kulturarv på ein framifrå måte.

Gjennom meir enn 300 år har Utne Hotel vore ein møtestad ved Hardangerfjorden, og denne utmerkinga er ei stor anerkjenning av arbeidet som er lagt ned for å ta vare på historia, bygningane og vertskapstradisjonane som gjer hotellet unikt.

Onsdag 24. juni 2026
Kl. 12.00
på Utne Hotel

Programmet vil mellom anna innehalde:

  • Offisiell overrekking av Olavsrosa
  • Talar og markering av dagen
  • Musikalske innslag
  • Kaffe og kake for alle frammøtte

Vi håpar de vil vere med oss denne dagen når vi saman får høve til å feire både historia, kulturarven og framtida til Utne Hotel.

Velkomen til ei varm og minnerik markering ved fjorden.

Med venleg helsing

Margaret Hystad, eigar
Bjørn Hettervik , drivar

Ei stolt anerkjenning av levande kulturarv

Utne Hotel er tildelt Olavsrosa for sitt arbeid med å ta vare på og formidle historie, tradisjonar og ekte opplevingar gjennom generasjonar.

5778 Utne
Postboks 23
Norge

+47 53 66 64 00
reception@utnehotel.no

BORDFØRESPURNAD

Frokost: På førespurnad
Lunsj: Etter førespurnad
Middag: Bordsete kl 19.30.
Fastsett 5-retters meny.
Ved bestilling:
Husk å opplyse om allergiar og intoleransar.

SEND FORESPØRSEL TIL:
reception@utnehotel.no

SELSKAP

Matsalen på Utne Hotel har
plass til inntil 60 personar.

SEND FORESPØRSEL TIL:
reception@utnehotel.no

ROMBESTILLING

Finn tilgjengelige rom.

GÅVEKORT

Gi bort ei spesiell oppleving
til nokon du er glad i.