Julestemning på Utne Hotel

Når året går mot slutten, ligg alt til rette for ei stemningsfull førjulstid på Utne. Her kan du samle familie, venner eller kollegaer til gode smakar og tradisjonar — frå det store familiejulebordet til smakfulle julelunsjar og festlege julebord i historiske omgjevnader.

Julestemning
på Utne Hotel

Når året går mot slutten, ligg alt til rette for ei stemningsfull førjulstid på Utne. Her kan du samle familie, venner eller kollegaer til gode smakar og tradisjonar — frå det store familiejulebordet til smakfulle julelunsjar og festlege julebord i historiske omgjevnader.

Utne Hotels store
familiejulebord

Søndag 14. desember kl. 16.00

Ta med familie og venner til ein stemningsfull førjulsdag på Utne Hotel. Her ventar eit bugnande julebord med klassiske rettar, lokale smakar og god julestemning for både store og små.

Pris:
695,- for vaksne
300,- for born under 12 år

Ta kontakt for bestilling på reception@utnehotel.no

Planlegg julebord med
venner og kollegaer

Serverast frå 6. til 17. desember

Ein smakfull 3-retters julemeny med:

  • Forrett: Lun fjellørret med kaviarar og sidersaus
  • Hovudrett: Ribbe og pinnekjøt med klassisk tilbehøyr
  • Dessert: Moreller frå Hardanger med heimelaga kanelis

Pris: 895,-

Ta kontakt for bestilling på reception@utnehotel.no

Julelunsj
på Utne Hotel

Serverast frå 6. til 17. desember, og må bestillast på førehand.

To rettar med smak av jul:

  • Ribbe og pinnekjøt med tradisjonelt tilbehøyr
  • Utne Hotels juledessert med eple frå hagen

Pris: 595,- pr. person

Ta kontakt for bestilling på reception@utnehotel.no

Eit heilt hotell berre for dykk

Utne Hotell blir dykkar eige for julefeiring, samling eller intern fagdag. Alle rom, fellesareal og møteplassar står til disposisjon. Ingen andre gjester, ingen forstyrringar, men berre kollegaer, fellesskap og ekte julestemning.

God ramme for gode relasjonar
Juleopphald på Utne gir rom for både fagleg fordjuping og sosialt fellesskap. Det historiske hotellet, omgitt av fjord og fjell, gir ro og nærvær. Samlinga blir ei oppleving, ikkje berre ein middag.

Praktisk informasjon

  • Periode: Tilgjengeleg for eksklusiv leige i november og desember
  • Kapasitet: 17 rom, møte- og selskapslokale tilpassa små og mellomstore grupper
  • Tilkomst: Enkelt å nå med bil og ferje – parkeringsplass ved hotellet
  • Pris og pakke: Skreddarsydde opplegg etter ønskje og budsjett
Vel jul på Utne Hotel i Hardanger!

Ta kontakt for tilbod og ledige datoar på reception@utnehotel.no

Inkludert

  • Heile hotellet for dykk sjølve
  • Matopplevingar heile dagen – frå frokost og lunsj til middag, alltid med fokus på lokale.
  • Tradisjon og julepynta atmosfære – autentisk julepynt, peiskos, gran og ljos i vindauga
  • Meny med smak av sesong og tradisjon, der lokale råvarer frå Hardanger spelar hovudrolla.
  • Aktivitetar og opplevingar – lokale smakar, kunst og kultur, fjordtur etc.
  • Teknisk utstyr og møtefasilitetar – alt klart for fagleg innhald i vakre omgjevnader

Ta kontakt for tilbod og ledige datoar på reception@utnehotel.no

Del dette arrangementet