BLOMSTRING + UTNE HOTEL

Sesongen startar 20. april – akkurat i tide til blomstringa

På Utne, der fjorden speglar fjella og stilla har ein eigen klang, ligg eit av Noregs eldste hotell – ein skjult skatt ved Hardangerfjorden. Sidan 1722 har reisande funne kvile her, i eit hus med lune tømmerveggar, knirk i golva og historier i veggane.

Utne Hotel opnar dørene 20. april, klar for ein ny sesong prega av ettertanke, gode samtalar og tid til å senka skuldrene. Her kan du nyta god mat og sider laga med omtanke og lokale råvarer. I vår restaurant fører me vidare tradisjonar, med smakar frå Hardanger og måltid som speglar landskapet rundt oss.

Velkomen til bords –  bord kan bestillast på førehand

BLOMSTRING + UTNE HOTEL

Sesongen startar 20. april – akkurat i tide til blomstringa

På Utne, der fjorden speglar fjella og stilla har sin eigen klang, ligg vakre Utne Hotel – eit av Noregs eldste hotell og ein skjult skatt ved Hardangerfjorden. Sidan 1722 har reisande funne kvile her, omgitt av lune tømmerveggar og historier i veggane. No er dørene opne for ein ny sesong med gode samtalar, ro og smakar frå Hardanger, der mat og sider vert laga med omtanke og lokale råvarer.

Oppdag kva vi kan tilby

Opplev Utne gjennom mat, ro og ekte vestlandsopplevingar!

Sidermiddag Utne Hotel

Opplev ein heilaftan med sidermiddag på Utne Hotel 7. mai 2026, der produsentar, kokkar og historier møtest rundt bordet. Ei femrettars oppleving med sider i perfekt samspel til kr 2 100 per person, med moglegheit for overnatting inkludert frukost frå kr 1 000.

Segltokt med Mathilde!

Frå smaken av sjøliv på den historiske hardangerjakta Mathilde, til sidersmaking på Aga Sideri, omvising i historiske Agatunet og stille luksus på ærverdige Utne Hotel. Her ventar opplevingar som set spor og gir rom for både nærleik og nye inntrykk.

Kulturarv

Opplev den rike kulturarven rundt Utne gjennom kunst, historie og levande tradisjonar. Frå unike kunstopplevingar i Kunstanekset til autentiske kulturminne, museum og arrangement, byr området på eit mangfald av opplevingar som gir innsikt i Hardanger si historie og identitet.

Mat & Sider

Opplev smaken av Hardanger gjennom lokale råvarer, tradisjonelt handverk og ekte siderkultur. Frå besøk på idylliske sidergardar til smakfulle opplevingar på fjorden, byr området på unike møte med produsentar, historie og natur – der kvar smak fortel si eiga historie.

Romantikk

Opplev romantikken i Hardanger, der storslått natur og historiske omgjevnader skapar ei heilt spesiell ramme. Frå nærleik til fjord og fjell til rolege stunder og unike opplevingar saman, byr området på ei stemning der kjærleik, ro og nærvær står i sentrum.

Turer

Opplev Hardanger til fots gjennom varierte turar som kombinerer natur, historie og lokal kultur. Frå guida opplevingar med sider og kulturminne til rolege vandringar og spektakulære toppturar, byr området på minnerike opplevingar i storslåtte omgjevnader.

MUSEUMSSMYKKET UTNE HOTEL – TRADISJONAR I OVER 300 ÅR

LEVANDE & AUTENTISK

Heilt nede ved ferjekaia på den vesle tettstaden Utne, omkransa av ein sjarmerande hage bak kvitmåla stakittgjerde og fantastisk utsikt over fjord og fjell, ligg eit av Noregs eldste og best bevarte trehotell – Utne hotel.

Små augneblink vert store og tilstanden av å berre vera kjem til sin rett på dette hotellet. Kjensla av bestemoridyll slår imot deg når du tek i døra. Det er som å koma heim. Her vert du møtt av det ekte smilet.

Det ligger over 300 års historie i veggane som fortel om sterke kvinner og vertinner som har vist varme og omsorg for sine gjester og for bygda si.

Du vil kjenne ei lengsel etter å koma tilbake.

«Regn og dis forsvant over fjorden og dette vakre stedet åpenbarte seg. Mottatt av et varmt vertskap, hardangersider i høye glass, nydelig utsikt og utsøkte smaker. «

Frå Gjesteboka

Si Ja på Utne Hotel!

Gjer bryllaupet til noko heilt spesielt med ei heil helg på Utne Hotel. Her kan de samle familie og vener i historiske og vakre omgjevnader – med fjorden som nærmaste nabo.

Leig heile hotellet og få ei unik og privat ramme rundt feiringa, der de og gjestene kan senke skuldrene og nyte gode måltid, rolege morgonar og minnerike stunder saman.

Vi legg til rette for ei personleg og stemningsfull bryllaupshelg – frå første velkomst til lange, magiske dagar saman.

Leig ditt eige hotel

På Utne Hotel tilbyr vi eksklusiv utleige av heile hotellet for grupper. Perfekt for kollegaer, vennegjenger eller storfamilien. Med 17 komfortable rom og inkludert bemanning kan de nyte den intime atmosfæren og dei unike opplevingane saman. Alt dette, inkludert deilig frukost, er tilgjengeleg. Pris hele hotellet pr døgn fra kr 50 000,-

Vennligst merk i mailemne «Leie Utne Hotel»

Siderhotellet i Hardanger

På Utne Hotel kan du oppleve smaken av Hardanger – midt i hotellet. Vi tilbyr sidersmaking der du blir kjent med lokale produsentar, tradisjonar og dei unike smakane frå fjord og frukthagar.

Her får du ei ekte og nær oppleving av siderkulturen, servert i historiske omgjevnader med utsikt mot Hardangerfjorden.

Kombiner smakinga med eit opphald på hotellet – og nyt rolege dagar, gode måltid og ekte vestlandsstemning.