Spørsmål og Svar om Utne Hotel

– historisk fjordhotell i Hardanger med 17 rom, restaurant og sidersmaking

Finn svar på dei mest stilte spørsmåla om Utne Hotel i Hardanger – eit boutique fjordhotell frå 1722 med 17 unike rom, sesongope frå april til oktober. Her får du oversikt over overnatting, restaurant (open for alle), sidersmaking, bryllaup, eksklusiv leige utanom sesong og korleis du kjem deg hit frå Bergen og Oslo.

Om hotellet

Utne Hotel gir ei sjeldan heilskapleg oppleving der historie, natur og vertskap møtest. Du bur på eitt av dei eldste hotella i Noreg frå 1722, med 17 unike rom og ei roleg atmosfære utan moderne støy. Hotellet ligg heilt ved Hardangerfjorden med nærleik til fjell, fruktgardar og opplevingar, og er drive av kvinner gjennom over 300 år – prega av arven etter “Mor Utne” og ekte gjestfridom.

Her får du sesongbasert mat av lokale råvarer, moglegheit for sidersmaking i eigen kjellar, og ein stad der tempoet er lågare og opplevinga meir ekte. Som del av De Historiske er kvalitet, historie og atmosfære i fokus – perfekt for deg som ønskjer noko meir enn berre ei overnatting.

Hotellet ligg på Utne, heilt ved Hardangerfjorden, omgitt av fjell, frukthagar og vestlandsnatur.

Ja, hotellet har vore i drift sidan 1700-talet og er bevart i autentisk stil, og er medlem av De Historiske.

I over 300 år har hotellet vore drive av kvinner, noko som er heilt unikt i norsk samanheng. Ei sentral skikkelse er “Mor Utne”, kjend for sitt varme vertskap og viktige rolle i å forme identiteten og gjestfridomen ved hotellet.

Ja, med 17 rom og personleg service får du ei eksklusiv og nær oppleving.

Overnatting og oppleving

Hotellet tilbyr 17 historiske rom med individuelle detaljar og særpreg. Romma er utan TV for ei roleg og autentisk oppleving. Sjå meir her.

Ja, fleire rom har vakker utsikt over Hardangerfjorden og fjella rundt.

Ja, opphaldet legg til rette for ro og nærvær utan unødvendige forstyrringar.

Ja, perfekt for stillheit, natur og avslapping

Ja, ideelt for par som ønskjer ei roleg og stemningsfull oppleving ved fjorden.

Ja, eit populært val for weekendtur med fokus på natur og mat.

Hotellet er sesongope frå april til oktober.

Ja, utanom sesong kan heile hotellet leigast eksklusivt.

Innsjekk er vanlegvis frå kl. 15:00, og utsjekk innan kl. 11:00. Ta kontakt med hotellet ved behov for tilpassa tider.

Ja, du kan kjøpe gåvekort frå Utne Hotel og gi bort ei unik oppleving ved Hardangerfjorden. Gåvekort kan brukast til overnatting, mat og opplevingar på hotellet. Hotellet er òg del av De Historiske, og tilbyr gåvekort som kan nyttast på fleire historiske hotell og restaurantar i Noreg.

Mat og sider

Sesongbasert mat laga på lokale råvarer frå Hardanger, ofte kombinert med lokal sider.

Ja, restauranten er open for både hotellgjester og besøkande som ønskjer å nyte middag i historiske omgjevnader ved fjorden. Sjå mer her.

Ja, guida sidersmaking i eigen siderkjellar. Les meir her.

Vanlegvis dagleg kl. 18, må førehandsbestillast.

Ja, ope for både gjester og besøkande.

Du lærer om prosessen frå eple til sider, samt tradisjonar og smakar.

Regionen er Noregs leiande siderområde med lange tradisjonar.

Aktivitetar og opplevingar i Hardanger

Fjellturar, fjordaktivitetar, fruktgardar, siderprodusentar og kultur. Sjå meir her.

Bryllaup, kurs og arrangement

Ja, bryllaup på Utne Hotel er eit populært val med fjordutsikt og historiske omgjevnader.

Sjå meir om bryllaup her

Ja, alle 17 rom kan inkluderast for ei privat oppleving, både i og utanom sesong.

Sjå meir om å leige heile Utne Hotel her

Ja, Utne Hotel tilbyr kurs og konferansar i rolege og inspirerande omgjevnader ved Hardangerfjorden. Hotellet passar best for små og mellomstore grupper, med møtefasilitetar, moderne utstyr og personleg oppfølging.

Opphaldet kan kombinerast med gode matopplevingar basert på lokale råvarer, samt aktivitetar som sidersmaking og opplevingar i naturen. Det er òg mogleg å leige heile hotellet eksklusivt for ei meir privat ramme.

Sjå meir her.

Bryllaup, jubileum, firma, konfirmasjoner og andre private feiringar.

Ja, Utne Hotel tilbyr stemningsfulle julebord i historiske omgjevnader i november og desember. Her kan du samle kollegaer, venner eller familie til tradisjonelle julemåltid med lokale råvarer frå Hardanger, som ribbe og pinnekjøt, servert som julelunsj eller 3-retters meny.

Det er òg mogleg å arrangere større julefeiringar eller leige heile hotellet eksklusivt, med 17 rom, fellesareal og skreddarsydd opplegg – perfekt for firma, vennegjengar eller private samlingar som ønskjer ei heilt eiga og unik juleoppleving.

Reise til Utne Hotel

Enkelt med bil og ferje. Sjå meir her.

• Frå Bergen: Ca. 2,5–3 timar med bil (via Hardangerbrua)
• Frå Oslo: Ca. 5–6 timar med bil over Hardangervidda
• Kollektivt: Buss og ferje til Utne (hotellet kan hjelpe med planlegging)