Ei kunstreise frå Borgøy til Utne

27. september

I høve opninga av nytt galleri på Utne Hotel, inviterer kunstnaren Bjørn Strandenes og kokk og matformidlar Bjørn Hettervik til ei heilt spesiell oppleving – ei sansereise gjennom kunst, mat og sider midt i hjarta av Hardanger.

Dette er meir enn eit arrangement – det er ei feiring av eit nært venskap og eit felles engasjement for naturen, råvarene og menneska som set preg på denne delen av landet. Saman har dei to Bjørnane skapt ein kveld der landskap, forteljingar, smakar og bilete møtest – med Utne Hotel som både kulisse og inspirasjon.

Del dette arrangementet

Avgrensa plassar – meld deg på no!

Påmelding og spørsmål: reception@utnehotel.no

Vernissage

Program 27. september

Kl. 14.00 – Vernissage – opent for alle

Utstillinga presenterer måleri inspirert av reisa frå Borgøy til Hardanger – ei kunstreise i møte med landskap, menneske, mat og sider.

Her er òg Utne Hotel ein viktig del av historia som har forma både motiva og stemninga i bileta.

Utstillinga står i perioden 27.09 til 24.10
av kunstnar Bjørn Strandenes

Sjå meir på bstrandenes.com

Kunstmiddag

Program 27. september

Kl. 19.00 – Aperitiff i galleriet

Start kvelden med ein frisk aperitiff og ein ny sjanse til å oppleva kunsten i ro og mak, før du vert leia inn til middag.

Kl. 19.30 – Kunstmiddag

Ein fleirrettars middag med smakar frå Hardanger og råvarer i sesong.
Edel sider står for drikkeopplevinga og vil sjølv vera til stades for å fortelja om siderparinga til rettane.

Matformidlar Bjørn Hettervik

Prisar og påmelding

Pakke med overnatting
– kr 2 600 per person i dobbeltrom

Vernissage
Aperitiff
Kunstmiddag
Overnatting på Utne Hotel
Frukost
Drikkepakke kjem i tillegg: kr 850 (alkoholhaldig) / kr 550 (alkoholfri)

Berre middag og vernissage
– kr 1 950 per person

Vernissage
Aperitiff
Kunstmiddag
Drikkepakke kjem i tillegg: kr 850 / kr 550

Frå Borgøy til Utne

Kunstnaren Bjørn Strandenes og gourmetkokken Bjørn Hettervik inviterer til ei oppleving der kunst, mat og natur vert vovne saman til ei sanserik reise. Dette samarbeidet spring ut frå ei felles inspirasjon i møtet med landskapet og menneska i det – frå Borgøy i vest til Utne i Hardanger.

Historia byrja i 2009, då Strandenes for første gong vitja Borgøy, invitert av ein kunstinteressert ven frå Haugesund. Der vart han introdusert for Bjørn Hettervik, som den gongen leia dei lokale gourmetdagane. Møtet med Hettervik, øya og menneska som budde og arbeidde der, vart ei sterk og formande oppleving for kunstnaren. Det var her det kreative samspelet mellom dei to tok til.

Hettervik, som sjølv er frå Borgøy – fødestaden til målaren Lars Hertervig – delte ikkje berre røtene, men òg ei lidenskap for å formidla det vakre i det nære. Året etter utvikla samarbeidet seg vidare med kunstutstilling, gourmetmat og musserande drikke. Eit personleg venskap voks fram og la grunnlaget for det nye prosjektet på Utne Hotel.

Måleria til Strandenes er inspirerte av møtet med naturen og menneska som lever tett på henne. Sidan Utne er ein del av denne reisa, ber bileta preg av både staden og stemninga der. Professor Gunnar Danbolt har tidlegare skildra Strandenes sitt arbeid som «mellom figurasjon og abstraksjon» (Paris 2003), men i møtet med Hardanger og Utne har uttrykket vorte meir figurativt – og fargepaletten tydeleg endra.

Opphaldet på Utne, med sitt levande hotellmiljø og nære kontakt med lokale siderprodusentar og handverkarar, har påverka både motivval og fargar. Resultatet er ei utstilling med sprakande energi, rotfesta i det ekte og det estetiske.

No vert verka stilte ut i galleriromma på det ærverdige Utne Hotel, til glede for både tilreisande og lokalbefolkning i Hardanger.