Kom tett på kunsten til Solfrid Aksnes, Åse Berit Skeie Ulltang, Wim van den Toorn, Ingunn van Etten, Johild Mæland og Judith de Haan, alle medlemmer i Hardingpuls.

Kunstanekset

Utne Hotel inviterer deg inn i Kunstanekset, ei unik kunstoppleving der du kan sjå, kjenne og kjøpe kunst i ei heilt spesiell ramme. Seks kunstnarar med tilknyting til Hardanger har fått kvart sitt rom å prege med sitt kunstnarlege uttrykk. Her har dei sjølve valt fargar på tekstilar som harmonerer med kunsten på veggane, frå gardiner til puter, og sjølvsagt kunsten sjølv.

Resultatet er seks heilt ulike rom med sitt eige særpreg. Her finn du både grafikk, collage, rosemåling, olje- og akrylmåleri. Alle verka er for sal.

I tillegg til kunst på romma, finn du også utstillingar i inngangspartiet og i gangane i både første og andre etasje. Kunstanekset er ope for alle som ønskjer å oppleve kunst på nært hald – anten du berre vil sjå, eller kjøpe med deg eit kunstverk heim.

Velkomen til Kunstanekset
– ei sanseleg kunstoppleving midt i hjartet av Hardanger.